Muritunet og samhandling
Storfjordkonferansen 2009
Muritunet vil spele ei sentral rolle når samhandlingsreforma blir sett i verk.
Det kom fram under Storfjordkonferansen 2009.

”Helse og samhandling som mulegheit”
var tema for konferansen.
Her kom det mellom anna fram at Muritunet kan bli ein sentral støttespelar når kommunane får eit større ansvar for helsetenestene gjennom samhandlingsreforma.
(adm.dir Arne Sandnes)
Konferansen blir arrangert av Muriparken i samarbeid med
Ålesundregionens Utviklingsselskap (ÅRU) og Helse Sunnmøre.
Storfjordkonferansen 2010
- vart i år halde 1. september her i Valldal.
Konferansen hadde fokus på førebyggjande helsearbeid og samhandling mellom 1. og 2. linje tenesta og mellom kommunar seg i mellom. Gjennom samhandlingsreforma vil kommunane få eit mykje større ansvar i oppfølging av pasientar. Mange vil ha behov som den einskilde kommune ikkje vil ha fagmiljø til å ta seg av. For mange kommunar på Sunnmøre, i Romsdal og i Nordfjord kan den nye helseklynga som er under etablering i Muriparken bli svaret på denne utfordringa.
I botnen for satsinga ligg Muritunet med brei og spesialisert kompetanse innafor mange fagfelt. Det er naturleg å byggje vidare på dette fagmiljøet, som sorter under Lov om spesialist helsetenester, slik at det og kan levere tenester til kommunehelsetenesta. Det vil representere ein vinn- vinn situasjon for begge partar både i forhold til økonomi og fagleg kvalitet.
Muritunet leverer i dag spesialiserte rehabiliteringstenester , men i framtida bør det vurderast om ikkje fagbasen i Muritunet og Storfjord helsesenter, som er under planlegging vegg i vegg med Muritunet, og kan gi grunnlag for etablering av eit distriktsmedisinsk senter – DMS og/ eller intermediære avdelingar. Muritunet og Storfjord helsesenter vil invitere invitere helseføretak og kommunar til diskusjon om desse spørsmåla.
Storfjordkonferansen viser at det hastar med å kome vidare i planlegging og gjennomføring av dei gode intensjonane i samhandlingsreforma. Muritunet ønskjer å gi positive bidrag til denne prosessen.